Kai Arne Kvale11 mål i 2011
Robert Christensen8 mål i 2011
Øyvind Kjøs Egge4 mål i 2011
 

FK Vang - Gjøvik-Lyn

PUBLISERT 9. oktober 2011

Kampen på Tveit i dag mellom FK Vang og Gjøvik-Lyn vart avlyst pga snø på banen.
Den endelege avgjørelsen for avlysinga var det dommaren Magnus Ørbek Tollefsen frå Brøttum som tok kl 14.15 i dag.
Tveit stadion var speleklar ved 12 tida i dag, då var det kun ca 1 cm snø på banen og den vart slodda og klargjort. Yr hadde spådd regn, varmegrader og mindre nedbør etter kl. 12.00, men spådommen gjekk ikkje inn dessverre.
Frå klokka 12.00 til 14.00 kom det 4 cm kram snø som ikkje var god å slodde vekk.
FK Vang har ikkje brøyteutstyr til banen, og kun slodding vart vel det ein kan kalle ein fiasko.
Me kontakta Fagernes IL og fekk låne Blåbærmyra, men denne var ikkje ledig før kl. 16.30. Ny bane og nytt tidspunkt var ok for dommarane og FK Vang, men Gjøvik-Lyn ville/kunne ikkje pga spelara som skulle på jobb i kveld. 
FK Vang har hatt kontakt med Lars Sandvik i Indre østland fotballkrets, kampen må spelast i løpet av kort tid.
Værprognosene ser bra ut i veka som kjem. 
Tveit stadion er rimeleg sikkert klar i løpet av morgendagen, kampen blir ganske sikkert spelt i løpet av veke 41,(10-16 oktober).

Dei andre kampane som vart spelt i dag endra ikkje noko for FK Vang sin del, me må ha 1 poeng i siste kamp, då er me sikkra 4 divisjonsspel også til neste år.  

Treningar i veka som kjem: Tysdag og torsdag kl. 19.00

God jul

PUBLISERT 23.12.2011

FK Vang ynskjer alle ei riktig god jul!!

Les meir »

Treninga igang

PUBLISERT 01.12.2011

Fyrste trening for 2012 sesongen er gjennomført i hallen på Beitostølen. Treninga starta med eit spelarmøte der opplegget for 4 div. 2012 vart gjennomgått.

Les meir »

Oppstart 2012 sesongen

PUBLISERT 25.11.2011

FK Vang starter treningane inne i hallen på Beitostølen helsesportsenter torsdag den 1 desember kl.18.00 - 20.00. Opplegg for 2012, nye fjes og ei god treningsøkt står på programmet denne kvelden! Servering står ikkje på agendaen, men møt opp du som kan tenke deg å spela fotball i ein klubb med spreke kara og knakande gøtt miljø!

Les meir »

FK Vang får behalde plassen

PUBLISERT 18.11.2011

FK Vang beheld plassen i 4 divisjon. Rena fekk plassen som Moelven 2 ikkje ville ha og FK Vang overtok plassen til eit av samarbeidslaga Vest Torpa-Nordre Land 2. Sldre/Røn greier heller ikkje å stille lag i 4 div. 2012 så endå ein plass er ledig.

Les meir »