Kai Arne Kvale11 mål i 2011
Robert Christensen8 mål i 2011
Øyvind Kjøs Egge4 mål i 2011
 

FK Vang - Gjøvik-Lyn: 2-3 (1-1)

PUBLISERT 13. oktober 2011

Tveit stadion, torsdag 13 oktober kl. 19.30
Dommarar: Vidar Hilmen, Nils Arne Solberg og Bjørn Dag Lundhaug
Publikum: Ca 40 stk.

2-2 var stillinga ved full tid, FK Vang hadde med dette resultatet sikker plass i 4 divisjon også til neste år.
I det 90-ende minutt får Gjøvik-Lyn tilldelt eit meget billig frispark frå ca 30 meter, i ein situasjon der Kai Arne Kvale snappar ballen frå ein motstander. Frisparket blir omsett i nota via ein Gjøvikspelar og snipp snapp så er FK Vang på tur ned ein divisjon. Kai Arne Kvale får gult kort av dommar Hilmen for protesten av avgjersla i etterkant, frustrasjonen frå mr. Kvale er absolutt til å forstå.    
FK Vang spelarane skal ha ros for full innsats og stå på vilje i kveldens oppgjer, me har sjølve stelt oss i den situasjonen at poeng var nødvendig mot eit av avdelingas sterkaste lag.
Gjøvik-Lyn kom til Tveit med eit meget bra mannskap i kveld, synd for oss, men fair play, og bra for dei andre laga som me kjempar i mot om nedrykksplassen. 

FK Vang scora allerede etter 3 minutt, Øyvind Kjøs Egge ruvar i feltet på ein corner som Kim Kveno sler inn i frå vår venstre side. 1-0 og jubel på Tveit stadion, leiinga held til uret viser 30 minutt. Gjøvik-Lyn sin raske spiss kjem igjennom og sender kula i nota.
I pausa er me enige om å opptre meir kompakt og å væra litt tøffar i nærkampane.
Stillinga held seg 20 minutt ut i omgangen, Gjøvik-Lyn puttar på nytt og FK Vang er ille ute med tanke på 4 divisjon neste år. Kampen er fremdeles åpen og begge lag kjem i nokre nestensituasjonar. Olav Ulven får så ballen på høgresida og sett full fart nedover etter linja, han sler eit perfekt innlegg og Kai Arne Kvale får pannebrasken på ballen og scorar via keeperen. Scoringa kjem i det 32 minutt av omgangen og alt føles vel.
Men så skjer dette som er omtala før.

Gjøvik-Lyn sine spelara og nesten alle på benken til gjestene er velkommne på ny til Tveit stadion. Om Gjøvik-Lyn gjestar Tveit stadion og FK Vang i framtida vil ikkje idioten av ein oppmann dei har i dag sleppe inn på området. Det er synd ein mann kan laga så mykje kvalme for ein ellers triveleg og sympatisk gjeng. 

Jarle Haugrud blir kåra til dagens FK Vang spelar med god margin, Jarle har vore meget god i alle sine kampar for FK Vang, det er berre synd han ikkje kom før i sesongen.
Klubben vil fortsatt satse på A-laget, kjenner eg spelarane rett vil ikkje opphaldet i 5 divisjon vare særleg lenge.

Laget: Jarle, Bjørnar, Øyvind, Tommy, Tore, Kim K, Kim B, Tor Andre, Anders, Kai Arne S, Kai Arne K, Olav og Robert.
    

God jul

PUBLISERT 23.12.2011

FK Vang ynskjer alle ei riktig god jul!!

Les meir »

Treninga igang

PUBLISERT 01.12.2011

Fyrste trening for 2012 sesongen er gjennomført i hallen på Beitostølen. Treninga starta med eit spelarmøte der opplegget for 4 div. 2012 vart gjennomgått.

Les meir »

Oppstart 2012 sesongen

PUBLISERT 25.11.2011

FK Vang starter treningane inne i hallen på Beitostølen helsesportsenter torsdag den 1 desember kl.18.00 - 20.00. Opplegg for 2012, nye fjes og ei god treningsøkt står på programmet denne kvelden! Servering står ikkje på agendaen, men møt opp du som kan tenke deg å spela fotball i ein klubb med spreke kara og knakande gøtt miljø!

Les meir »

FK Vang får behalde plassen

PUBLISERT 18.11.2011

FK Vang beheld plassen i 4 divisjon. Rena fekk plassen som Moelven 2 ikkje ville ha og FK Vang overtok plassen til eit av samarbeidslaga Vest Torpa-Nordre Land 2. Sldre/Røn greier heller ikkje å stille lag i 4 div. 2012 så endå ein plass er ledig.

Les meir »